Hopp til innhold

Mann arrestert etter 50 Cent-konsert i Åsane

Ein mann i 20-åra vart onsdag kveld arrestert av politiet etter ein konsert med 50 Cent i Vestlandshallen i Åsane. Ifølgje politiet oppstod det kaos då publikum skulle heim frå konserten grunna mangel på bussar. Politiet måtte rykkja ut, og det var då mannen skal ha komme me truslar mot politiet, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.