Nygårdstunnelen opna etter ulukke
RV 555 Nygårdstunnelen er no opna igjen etter eit trafikkuhell, melder Vegtrafikksentralen. Det var tidlegare tysdag morgon at ein bil og ein lastebil var involvert i eit uhell. Bilføraren vart teken med til legevakt i ambulanse, opplyser Vest politidistrikt.