Hopp til innhold

Melder seg ut av Ap i protest

To av Arbeidarpartiet sine sju representantar i kommunestyret i Sveio, Asle Georg Halleraker og Torgeir Katla, har no meldt seg ut av partiet, skriv avisa Vestavind. Grunnen er lærarstreiken som til slutt vart avslutta med tvungen lønnsnemnd. I eit innlegg på Facebook skriv dei at Arbeidarpartiet no viser at dei ikkje satsar på skulen.