Hopp til innhold

Svært låg arbeidsløyse i Vestland

I september var 5055 personar eller 1,5 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige i Vestland. Berre to kommunar i fylket, Hyllestad og Ulvik, har meir enn 2 prosent ledige. For å dekke opp behovet for arbeidskraft, bør arbeidslivet inkludere dei som står utanfor, meiner NAV. Arbeidsgjevarar bør også prøve å halde folk lenger i arbeid, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland i ei pressemelding.