Hopp til innhold

Deler av sjukeheim evakuert

Det er oppdaga sprekker i betongkonstruksjonen på ein sjukeheim på Sandsli i Bergen. Dette vart oppdaga av brannvesenet etter at ein brannalarm vart utløyst. Ingen personar er skada, og bebuarane var flytta over i ei sikker sone på sjukeheimen i ein periode. Dei kan no flytta inn att i sjukeheimen.