Hopp til innhold

Avviser Vestland sin dispensasjonssøknad på nytt

Utdanningsforbundet i Bergen har avvist Vestland fylkeskommune sin andre søknad om dispensasjon frå streiken for lærarar ved åtte vidaregåande skular i Bergen, opplyser lokallagsleiar Bente Myrtveit.

I går vart den fyrste søknaden avvist, då UDF ikkje godtok søknaden som berre hadde skulenamn, då dei meinte den ikkje var gjort rett i høve til Hovedavtalen.

Den nye søknaden frå fylket inneheld namngivne lærarar, men UDF meiner framleis den er for generell.

– Me kan ikkje gje eit generelt arbeidskollgium som er tekne ut i streik dispensasjon. Det må grunngjevast med noko som ikkje er generelt for alle elevar, seier Myrtveit.

Ho seier forbundet i Bergen har gitt 61 dispensasjonar for komande veke.

– Me har no gitt fylkeskommunen mogelegheit for å søkja fram til klokka tre i dag, om det er enkeltelevar eller grupper som verkeleg treng ein lærar i morgon. Så skal me behandla det før arbeidsdagen startar i morgon, seier Myrtveit.

– Eg synest det var veldig synd. Me vurderer det slik at situasjonen generelt verkeleg er bekymringsverdig for heile elevgruppa, seier opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland.

Ved dei åtte skulane har det vore streik sidan 22. og 29. august.

Søknaden gjeld Amalie Skram vgs, Bergen katedralskole, Fyllingsdalen vgs, Laksevåg og Bergen Maritime vgs, Langhaugen vgs, Olsvikåsen vgs, Sandsli vgs og Slåtthaug vgs.

BT melde om saka fyrst.

Lærerstreik Bergen Gimle skole. Her er Bente Myrtveit og Steffen Handal i Utdanningsforbundet og klubbleder Synnøve Kirkebø utenfor Gimle skole i Bergen
Foto: Charlotte Haarvik Sanden