Hopp til innhold

Melder seg ut av Sp i protest

Seks faste og varamedlem i Kinn kommunestyre, melder seg ut av Senterpartiet. Dei gjer dette i protest mot at innbyggjarane i tidlegare Vågsøy ikkje blir høyrde i spørsmålet om reversering av kommunen.

I folkerøystinga om framtida til Kinn kommune røysta 58 prosent av dei som nytta seg av røysteretten i Vågsøy for å dele kommunen. I Flora-delen var det klar overvekt for å behalde storkommunen.

Kommunestyret i Kinn gjekk inn for vidareføring. Sterke signal frå Senterpartiet sentralt tyder på at kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) ikkje har planar om å overstyre kommunestyret.

– Vi må diverre konstatere at Senterpartiet sentralt går imot ein berebjelke i sitt eige verdigrunnlag og ser ut til å ofre folkeviljen i Vågsøy for husfreden si skuld i regjeringssamarbeidet med Ap, skriv Fredrik Egeberg, Randi Aare, Asgeir Solheim, Tom André Hopland, Øystein Sortland og Ragne Larsen.

Alle er heimehøyrande i Vågsøy. Dei melder seg ut med umiddelbar verknad.

Frå før har også leiinga i Kinn Senterparti trekt seg.