Hopp til innhold

Funnen i god behald

Jenta som vart meldt sakna i Gaupne i Luster i går kveld vart ved firetida i natt funnen i god behald. Det fortel Stine Mjelde som er operasjonsleiar i Vest Politidistrikt. 15-åringen vart funnen i eit bustadfelt, men politiet kan førebels ikkje seie noko om kvifor ho har vore vekke frå heimen så lenge. Mjelde seier jenta er teken med til legevakt og at familien er orientert.