Hopp til innhold

6-åring har kome vekk frå familien på Osterøy

Vest politidistrikt melder at ein seks år gamal gut har kome vekk frå familien sin ved Lonevåg på Osterøy. Guten skal ha forsvunne i området rundt ungdomsskulen og fotballbana.

Brannvesenet bistår i leitinga med drone frå Bergen.

Guten er om lag 120 cm høg, har svart kort hår, er mørk i huda og har på seg grøn t-skjorte og oransje shorts.

Politiet ber om at observasjonar blir melde til dei på 02800.