Hopp til innhold

Stor lekkasje på skule i Bergen

Brannvesenet melder om ein stor lekkasje på fleire tusen liter vatn på Kirkevoll skule i Fana i Bergen. Eit rør til sprinklaranlegget har hoppa av, som igjen har ført til lekkasjen. Mellom anna har gymsalen ved skulen fått masse vatn på seg. Brannvesenet har no fått stoppa lekkasjen.