Hopp til innhold

Person fastklemd etter trefellingsulukke

Ein person er fastklemd etter ei trefellingsulukke på Ølve i Kvinnherad kommune. AMK-sentralen i Haugesund blei varsla om ulukka kl. 11.41, og sende trippelvarsling til alle naudetatar. – Ein person er fastklemd over låra etter å ha fått eit tre over seg. Brannvesenet er på veg for å hjelpa til med å frigjera personen, seier vaktkommandør Morten Frantzen i 110 Vest. Politiet opplyser at personen er vaken, men kjenner ikkje helsetilstanden til vedkomande.