Hopp til innhold

Væpna politiaksjon i Bergen

Politiet rykte fredag kveld ut til Nye Sandviksveien i Bergen etter det kom meldingar om noko som likna på ei rifle i ein personbil. Politiet fekk stoppa køyretøyet, melder BA. Gjenstanden synte seg å vere eit gassdrive luftvåpen, som blei beslaglagt. Det er oppretta sak.