Hopp til innhold

Ein til legevakta etter masseslagsmål

Politiet rykka ut til Torgallmenningen i Bergen i ettermiddag, etter meldingar om slagsmål mellom fleire personar. Det var også meldt om at ein kniv eller anna farleg gjenstand vart vist fram under slagsmålet.

– Det er snakk om ein gjeng unge menn som har hamna i slåstkamp. Dei skal ha kjennskap til kvarandre, så det er ikkje snakk om blind vald mot tilfeldige, seier Eivind Hellesund i politiet.

Det er kontroll på dei fire involverte og ein av dei er sendt til legevakta med mindre skadar. Ifølge politiet skal det ikkje ha vore brukt kniv under slagsmålet, men ein anna mindre gjenstand av metall.