Hopp til innhold

Stiller spørsmål ved bom etter dødsulukke

Etter MC ulukka i Voss stiller overlege Helge Asbjørnsen spørsmål ved bommen på staden. – Kjem du i åtti og får ein jernbjelke på deg, har du ikkje sjanse. Då døyr du med ein gong, seier Asbjørnsen til Bergens Tidende. Vegvesenet meiner bommane skal vere trygge og sikre dersom alt er gjort etter boka. 17. mai døydde ein motorsyklist etter å ha køyrt i bommen.