Hopp til innhold

Nye avhøyr i dag

– Politiet vil i dag halde fram avhøyra av kvinna som er sikta etter ein alvorleg valdsepisode på Sveio i går. Det seier politiadvokat Erik Engløkk i Sør-Vest politidistrikt. Kvinna vart avhøyrt i går, det vart også mannen som vart skadd i hendinga. Politiet ynskjer førebels ikkje seie noko om kva dei har forklart eller kor alvorleg skadd mannen er.