Hopp til innhold

Prioriterer fleire utbyggingar enn dei har pengar til

Fylkesadministrasjonen i Vestland tilrår å investere 4,2 milliardar kroner på fylkesvegar dei kommande fire åra, men har laga ei prioriteringsliste med 21 prosjekt som totalt kostar fleire milliardar meir.

Blant dei dyraste er ny bru over Alverstraumen (biletet, opptil 630 mill kr) og rassikring av fylkesveg 609 ved Heilevang mellom Førde og Askvoll (opptil 1050 mill kr).

Vestland har førebels ikkje råd til det aller dyraste prioriterte prosjektet (opptil 2,7 mrd kr): tunnel under Kvamskogen for å unngå Tokagjelet.

Fylkestinget vedtek i juni regional transportplan og kva prosjekt som faktisk blir prioritert.

Alverstraumen bru.
Foto: Vestland fylkeskommune