Hopp til innhold

Vaktsjefen erkjenner ikkje straffskuld

Vaktsjefen på KNM «Helge Ingstad» erkjenner ikkje straffskuld. Det skriv Tom Sørum, vaktsjefen sin forsvarar i ein SMS til NRK. – Han tar tiltalten svært tungt, seier Sørum. Statsadvokaten tok fredag ut tiltale mot mannen etter beordring frå Riksadvokaten. Dei meiner at vaktsjefen ikkje var aktsam eller tok dei naudsynte forholdsreglane for trygg navigasjon i tida opp mot ulykka mellom fregattskipet og tankskipet Sola TS.