Hopp til innhold

Redningsaksjon i Arna etter båt som har søkkt

I Sørfjorden i Arna melder Vest politidistrikt at det er ei tresnekke som har sokke like utanfor Breisteinvegen, eit par hundre meter frå land. Det er ikkje avklart om det var folk om bord. Det er sett i gong redningsaksjon med søk frå luft og på sjø.

– Det er eit stort apparat i sving, med alle naudetatar samt redningsskøyte og redningshelikopter, seier operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen i Vest Politidistrikt.

Det er førebels ukjent kva som er årsaka til at båten søkkte, og om det var folk ombord. Båten er ein eldre trebåt på rundt 18 fot, og politiet ber folk ta kontakt viss dei saknar ein slik båt.

Redningsoppdraget vart avslutta 20:45, etter å ha gjort omfattande søk men utan å ha funne personar.

Redningsaksjon Arna
Foto: Aleksander Vallestad / NRK