Hopp til innhold

– Alarmerande for norsk matproduksjon

Budsjettnemnda sine ferske tal for inntektsutviklinga i norsk landbruk uroar fylkesleiar Anders Felde i bondelaget. Tala viser at kostnadsveksten på kunstgjødsel, kraftfôr, drivstoff og plast har gjeve eit fall i inntektene på 60.000 kroner samanlikna med det som var venta etter fjorårets jordbruksoppgjer. – Sjølv om ein har klart å auke prisane på eksempelvis kjøt og egg, fått på plass straumstøtte og tilleggsforhandlingar er ikkje dette nok for å sikre inntektene. Ein klarar difor ikkje å sikre framtida for norske matprodusentar, seier han.

Anders Felde
Foto: Norges Bondelag