Hopp til innhold

Hadde ikkje skrantesjuke

Den sjuke villreinen som vart skoten på Vikafjellet for 14 dagar sidan var ikkje smitta med skrantesjuke. Det har Veterinærinstituttet no slått fast, skriv Sogn Avis. I 2016 vart den frykta dyresjukdomen påvist på villrein i Nordfjella sone 1. Seinare vart heile villreinstammen der avliva i eit forsøk på å bli kvitt sjukdomen.