Hopp til innhold

Bygger Nordhordlandstunnelen om 18 år?

Vegvesenet prioriterer ikkje byggestart for Ringveg aust i Bergen inkludert tunnel mellom Vågsbotn og Nordhordlandsbrua. «Byggjestart i perioden 2028-2033 eller 2033-2040 vil vere mogleg,» skriv dei i planen for norske veginvesteringar i åra 2022-27.

Dette får aksjonsleiar for Nordhordlandstunnelen, Jørund Vandvik til å reagere. – Det er heilt uakseptabelt og vi kjem til å trappe opp aksjonane. Silkehanskane vil bli bytta ut med boksehanskar, seier Vandvik til NRK.