Hopp til innhold

Kvinnene tek førarsetet i transportbransjen

Anlegg- og transportfag opplever tidenes kvinneboom. I klassen til Mathilde (17) er over halvparten kvinner.

Mathilde Flaten Husetuft

KJEKK SKULEKVARDAG: Over halvparten av alle i klassen på transport og logistikklinja i Førde er jenter. Mathilde Flaten Husetuft er ei av dei.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mathilde Flaten Husetuft er oppvaksen med bilberging og tunge køyretøy. Eit auge for problemløysing og ønsket om ein variert kvardag førte ho inn på utdanninga.

Målet er å køyre bergingsbil.

– Det ser veldig kjekt ut, seier ho om framtida som ei hjelpande hand til bilar og folk som står faste langs vegen.

I ein lastebilsimulator på Kaupanger får ho ein liten forsmak på kvardagen bak rattet. 17-åringen må vente eit halvt år til før ho kan byrje på sertifikatet.

Mathilde Flaten Husetuft

SIMULATOR: Omringa av skjermar kan elevane teste ut ein kvardag bak rattet.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK

I klassa hennar er seks av elleve elevar kvinner.

Opplæringskontoret for transport og logistikk i Vestland er entusiastisk over pågangen av unge kvinner.

Totalt er det 15 jenter fordelt på tre klasser i Førde, Sogndal og Stryn.

– Det er veldig mykje i forhold til det som har vore tidlegare, seier dagleg leiar Rune Apneseth.

Rekordmange kvinner

I Kristiansund hoppar Ida Marie Elven inn bak rattet på ein lastebil.

– Dette er fridom, seier ho og sender blikket ut mot den opne plassen framføre henne.

På kullet til 21 -åringen er det seks kvinner, som utgjer ein fjerdedel av klassa.

Transport-270122-001

KRISTIANSUND: Kvinnene trivast på utdanninga ved Kristiansund vidaregåande skole. Frå venstre Ida Marie Elven, Ida Maria Skundberg, Hanna Sætre, Vivian Jurkowski, Ingerlin Fauske og Vibeke Sigerset.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Går frå andre yrke

Ida Marie Elven planla eigentleg å bli vaktmeister, men mista motivasjonen. Etter litt småjobbing her og der fekk ho plass på utdanninga frå nyttår.

Bak rattet likar ho seg allereie godt.

– Eg passar kanskje best i mi eiga vesle boble. Her kan eg høyre musikk eller snakke med vener på telefonen, seier 21-åringen.

Hopper av anna utdanning

Dagleg leiar Alf Bliksvær for Transportbransjens opplæringskontor i Møre og Romsdal seier at interessa har auka over heile landet.

– Dette har gått føre seg over tid, og de fleste kvinnene som søker har gjerne prøvd ei annan utdanning først.

I Vestland fylke har dei opplevd at unge kvinner har hoppa av utdanning som lærar og sjukepleiar for å bli yrkessjåfør.

Leiaren for opplæringskontoret har ikkje noko god forklaring på kvifor det skjer, men kan konkludere med ein ting:

– Det er svært flinke folk, seier Apneseth.

Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at på dei siste 10 åra har talet på kvinnelege søkjarar til VG3 yrkessjåfør nesten tredobla seg. I 2011 var det 41 kvinnelege søkjarar til studiet. I 2021 var talet 116.

Frå lærarstudie til sjåfør

Ingri-Eline Vik frå Stryn avbraut lærarutdanninga då ho bestemte seg for å ta sertifikatet på lastebil.

I staden for å undervise, køyrer ho no tonnevis med stein for Magne Hafstad AS i Førde.

– Du har ingenting å tape på å heller gjere det du føler du kan trivast med, seier Vik.

Ingri-Eline Vik i lastebilen

HOPP I DET: Stryningen Ingri-Eline Vik hoppa av lærarstudiet for å køyre lastebil.

Foto: Kristine Hafstad

Berre fordelar

Tilbakemeldingane frå både arbeidsgivarar og forsikringsselskap er tydelege:

Kvinnene køyrer finare og andelen skader er lågare.

– Dei kostar faktisk mindre per køyrde kilometer, seier regionssjef Jan Ove Halsøy i Norges Lastebileierforbund.

Det har Elina Rogne tru på. Ho går andreåret i Sogndal og vil ha fleire jenter til yrket.

– Vi må vise mannfolka at jentene kan jobbe dei også, seier Rogne.

Vossingen er oppvaksen i faget og er ikkje i tvil om kva ho vil drive med i framtida.

Elina Rogne

VIL HA MED FLEIRE: Jentene må komme seg ut i dette yrket, det er kjempefint, seier Elina Rogne.

Foto: Oddgeir Sæle / NRK