Hopp til innhold

Brann i Bergen sentrum

Det brenn i eit bygg i Agnes Mowinckels gate i Bergen sentrum. Naudetatane er på staden og melder om at det brenn i eit tavlerom i kjellaren. – Det er mykje røyk på staden, men brannvesenet har kontrollert området det brenn på, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tom Johannessen.

Ifølge vaktkommandør i 110-Vest, Håkon Myking, er straumen i bygget no skrudd av slik at brannvesenet kan starte sløkking. – Då vil dei få oversikt over kor omfattande dette er.

Politiet har evakuert deler av bygget som er fleire etasjar høgt, med både private bustadar og bedrifter. Ingen personar er ifølge politiet meldt skada. Naudetatane fekk melding om brannen klokka 15:27.

Brann i agnes Mowinckelsgate
Foto: Benjamin Dyrdal / NRK