Skisenter fortvilar over straumrekning
Dagleg leiar Oddvar Bratteteig i Røldal Skisenter har nyleg motteke straumrekninga for desember, som var på rett under 300.000 kroner. Til Haugesunds Avis er han klar på kva han meiner om dette. – Dette er heilt hinsides galskap, sjølvsagt. Eg treng ikkje å beskriva det meir enn det, seier han, og legg til at dette vil gå utover botnlinja.