Hopp til innhold

19 smitta av korona i Årdal

Det er no eit pågåande smitteutbrot i Årdal der 19 personar har testa positivt i dag. I hovudsak er det elevar og familiemedlemmer på Farnes og Tangen skule som er smitta, melder kommunen i ei pressemelding. Kommunen har bestemt å legge ned all aktivitet for barn og vaksne på kveldstid fram til 15. desember, krav om munnbind når ein ikkje kan halde avstand, samt færrast mogleg nærkontaktar.