Hopp til innhold

Mann skal ha blitt forsøkt rana

Politiet i Bergen fekk i natt melding om eit mogleg ran av ein person i Skuteviken. Ein person hevda at han blei truga av to menn utanfor der han bur. – Han blei spurt om han hadde verdisaker på seg, men gav ikkje frå seg noko. Folka forsvann frå staden. Politiet har kontrollert og tatt forklaring frå nokon som passar til skildringane, men ingen er så langt pågripne, seier operasjonsleiar Tore Andre Brakstad.