Hopp til innhold

Rehabilitere Lærdalstunnelen

Regjeringa melder at dei vil prioritere rehabilitering av Lærdalstunnelen. Det skal mellom anna bli bygga fleire ny tekniske bygg med tilhøyrande bergrom og ventilasjon. I tillegg inneber prosjektet ei utskifting av lysanlegg, etablering av naudstasjonar og installering av leielys og overvakingssystem.

Anleggsstart er lagt opp til 2022, der utbetringa er venta å vere ferdig i 2027.