Hopp til innhold

Ut på tur i ferien? I dag kjem sola

Ein høgtrykksrygg gir sol og opphaldsvêr over store deler av Vestland tysdag. – Dagen blir faktisk ikkje så aller verst. Midt på dagen i dag er det mange som kjem til å få sol, seier Aslaug Skålevik Valved ved Meteorologisk institutt. Men det blir truleg med denne eine dagen i haustferien. Ein front kjem innn frå vest, som vil gi skyer i kveld og regn i morgon. – Den første delen av fronten kan koma som snø i fjellet, men går så over til regn.

Utsikt med sol fra turhytten Breidablik
Foto: Hild Fjermestad Aase