Hopp til innhold

Fredar momsfritak for elbil ut 2022

I budsjettforslaget for 2022 går regjeringa inn for å vidareføre momsfritaket for elbilar.

– For Venstre er det viktig å halde på elbilfordelane lengst mogleg. Det er heilt avgjerande for å nå klimamåla våre, og for at ikkje distrikta skal bli hengande etter dei store byane når det gjeld utskifting av bilparken, skriv stortingskandidat for Venstre i Sogn og Fjordane, Alfred Bjørlo i ei pressemelding.