Hopp til innhold

Meiner å vite kvar brannen starta

Politiet meiner å vite kvar rekkehusbrannen i Førde starta og mistenkjer ikkje at den er påsett, seier politisjef i Sunnfjord, Dag Fiske. Han trur dei skal finne brannårsaka sjølv om bustaden har omfattande skadar. Grunna kapasitetsutfordringar blir ikkje krimtekniske undersøkingar gjort før i neste veke.