Hopp til innhold

Politikarar skal få støtte mot hets

Byrådsleiar Roger Valhammer seier kommunen skal bli flinkare til å gi psykisk helsehjelp og støtte til politikarar som opplever hets i den offentlege debatten, særleg digitalt. I bystyremøtet fortalde fleire om eigne opplevingar frå talarstolen, og SVs Camilla Ahamath etterlyste betre støtte. Frps Marte Monstad oppmoda politikarane til å tenke over korleis ein ytrar seg om kvarandre.