Hopp til innhold

BT: Haukeland åtvara før dødsfall

To år før ein mann i 50-åra i fjor døydde av ein overdose cellegift på Haukeland universitetssjukehus, blei sjukehuset åtvara mot ein feil i systemet, skriv BT. I tilsynsrapporten slår Statsforvaltaren fast at det vart gjort ein avrundingsfeil då dosen skulle reknast ut. I 2018 kontakta ein farmasøyt ved sjukehusapoteket ein leiar ved kreftavdelinga og spurte kva tiltak avdelinga hadde for å hindre at pasienter skulle få feil cellegiftdose. Bekymringa blei aldri løfta eller delt vidare inad i sjukehuset.