Hopp til innhold

Aukar beredskapen

Oljevernutstyr blir no flytta til Måløy i tilfelle havaristen «Eemslift Hendrika» blir slept dit eller i verste fall forliser. Dårleg vêr gjer at berginga av lasteskipet i Norskehavet er utsett til i morgon. – Vi forskyver utstyr frå Stryn og Nordfjordeid. Det gjer vi for å auke beredskapen langs kysten, seier brannsjef Kim Hjelle i Kinn kommune.

Kim Hjelle, brannsjef Kinn
Foto: Bjarne Eldevik