Hopp til innhold

Aafløy gir seg ikkje utan kamp

Trym Aafløy ønsker ikkje å bli flytta frå utval for miljø og byutvikling til utval for helse og sosial slik FNB Bergen vil, seier han til NRK. Han lovar omkamp i forretningsutvalet, der han er medlem. Aafløy vil imidlertid godta det bystyret til slutt bestemmer. – Dette skal gjennom eit system, så får vi sjå korleis det går, seier han. Han mister truleg uansett nestleiarvervet og løna på 894.000 kroner, og seier han vil søke om etterløn.