Hopp til innhold

Hadde ikkje kontroll på brakkene

Fylkeslege Helga Arianson seier at Hyllestad kommune og Havyard ikkje hadde kontroll på smitteutbrotet på brakkeriggane, der arbeidarane sat i karantene.

– Vi spurte korleis karantenereglane hadde blitt overheldt i brakkeriggane. Og då fekk vi ganske klar beskjed om at dei ikkje klarte å følge dei, seier Arianson til Firda.

80 personar med tilknyting til skipsverftet til Havyard i Leirvik, dei fleste tilsette, vart smitta av koronaviruset.

I tillegg vart fleire hundre arbeidarar sette i karantene på brakkeriggar ved verftet, før dei seinare var fordelte på ulike koronahotell. Onsdag vart blanta anna 60 arbeidarar sende til Sunnfjord Hotell i Førde der dei sist i karantene.

Språk og kulturskilnader vert oppgjeve som grunnar for at det var vanskeleg å få tilstrekkeleg kontroll blant dei som sat i karantene.

Havyard vil overfor avisa ikkje kommentere konklusjonen til fylkeslegen.

Arianson rosar likevel verftet og kommunen for å ha handla raskt og gjort det dei kunne for å hindre at smitten spreia seg i lokalsamfunnet.

Havyard Leirvik mai 2015
Foto: Alf Vidar Snæland