Hopp til innhold

Buss av vegen i Lærdal

Ein ny leddbuss frå Tide køyrde av vegen og inn i ein eplehage ved E16 i Lærdal i ettermiddag. Bussen skal ha fått store skader. Sjåføren, som var åleine, vart ikkje skadd i uhellet. Det skal ikkje vere trafikale problem, opplyser Vegtrafikksentralen.

Buss frå Skyss køyrde inn i hage i Lærdal
Foto: Hans Henrik Bårtvedt / NRK