Hopp til innhold

Ny NRK-tilsett smitta

Ein ny tilsett ved NRK Vestland sitt kontor i Førde har måndag kveld fått påvist covid-19. Vedkommande har vore på heimekontor sidan det første smittetilfellet ved kontoret vart påvist onsdag i førre veke.

Alle som var på Førde-kontoret til NRK måndag, tysdag og onsdag i førre veke skal no testast for covid-19 og er sett i karantene av kommuneoverlegen i Sunnfjord.

Som ein konsekvens av dette vil ettermiddagssendinga på radio frå tysdag klokka 14 verta sendt frå Bergen som samsending for heile Vestland.