Hopp til innhold

Heimeskule vart pustepause for barn som vart mobba

Mobbeombodet fekk dagleg meldingar frå barn som vart utsette for mobbing. Så vart det heilt stille.

Mobbeombud Mari-Kristine Morberg

ÅTVARAR: – Då skulane stengde 12. mars, vart det brått stille. Berre nokre få kontakta oss, seier mobbeombod Mari-Kristine Morberg.

Foto: Sølve Rydland / NRK

For å unngå spreiing av koronasmitte, stengde regjeringa alle skular og barnehagar 12. mars i år. Dei vart gjenopna etappevis i løpet av våren.

Men enkelte elevar som har opplevd mobbing, har som følgje av koronastenginga vore vekke frå skulen i fleire månadar samanhengande.

– Ein del sårbare barn og unge har i praksis ikkje vore saman med klassekameratar på over eit halvt år, seier Mari-Kristine Morberg.

Ho er eitt av dei to mobbeomboda i Vestland fylkeskommune. Ho seier svært få kontakta dei medan skular og barnehagar var koronastengde.

– Etter nyttår hadde me om lag dagleg førespurnader, så me rekna med at våren skulle bli travel. Men då skulane stengde 12. mars, vart det brått stille. Berre nokre få kontakta oss.

Klara Øverland

SPESIALPSYKOLOG: Klara Øverland er spesialpsykolog og førsteamuensis.

Foto: Jeanette Larsen

– Dei er alltid på vakt

Med skulefri vart det også ei friperiode for mobbing, trur Klara Øverland. Ho er spesialpsykolog ved Norce i Bergen og førsteamanuensis ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning ved Universitetet i Stavanger.

– Barn som blir mobba på skulen, går med eit veldig høgt stressnivå. Dei er alltid på vakt. Nokre born kan ha kjent seg veldig letta med koronastenginga, fordi dei får pause frå dei vanskelege kjenslene, seier Klara Øverland.

Øverland forklarar at korona for mange barn har vore ein pause der kroppen har roa seg ned, fordi all energi ikkje blir brukt til å vera vakt.

– Dei får slappa av, gjera ting dei likar, og kanskje ta att noko av skulearbeidet. Nokre har fått snakka betre med foreldra og kanskje fått arbeidd med ein del ting knytta til mobbing, men det gjeld ikkje for alle, seier ho.

Også mobbeomboda fortel om barn som har opplevd tida med heimeskule som ei etterlengta fridom frå mobbing.

– Heilt klart. Nokre var letta over å sleppa skulen. Då skulane skulle opna att, tok fleire foreldre kontakt og fortalde om born som hadde hatt det fint og blomstra opp heime. Slik forstod foreldra betre korleis skulekvardagen har påverka borna deira.

skolegård

UTFORDRANDE: For born som opplever mobbing vil det vere vanskeleg å komma tilbake til skulegarden etter å ha vore heime i ein lang periode.

Foto: Alem Zebic / NRK

Utfordrande retur

Har koronastenginga dermed vore bra for elevar som opplever mobbing? Nei, meiner Øverland.

– Fordi nokon får veldig store problem med å komma tilbake. Det må jo vera fantastisk å sjå at barnet ditt blomstrar opp, blir sterkare og fungerer betre. Men samstundes er blomar ganske skjøre. Dei kan visna i dårleg skulemiljø.

Ho viser til at berre etter ei vanleg helg kan born som opplever mobbing, kvi seg for å gå på skulen på måndag. Kva då med ein lang periode med koronastengd skule?

– Der er nokre elevar som til dømes kan ha utvikla sosial angst når dei har ikkje vore saman med andre på lenge. Det er også risiko for depresjon og sterke traumesymptom når elevane kjem tilbake på skulen, påpeiker Øverland.

Kvir seg til skulestart

Mobbeombod Morberg seier mange elevar grudde seg til skulestart.

– Dei hadde kanskje ikkje hatt kontakt med nokon klassekameratar under nedstenginga. Det har me hatt veldig sterk fokus på: korleis skulen tar i mot elevar i den situasjonen, forklarar ho.

Det har vore mykje snakk om at koronastengde skular og barnehagar hadde svært negative følger for born som ikkje har det bra heime, som dermed mista skulen som friarena. Det har vore mindre fokus på den positive effekten for born som opplever mobbing.

– Enkelte born kan få kjempealvorlege problem no etter korona. Korleis skal me behalda desse flotta blomane når dei er tilbake i skulen? Skulen må følga dei tett opp og få bukt med mobbinga, elles visnar dei ganske raskt igjen, seier Øverland.