Får medisinsk assistanse
Italiensk helsepersonell er venta til det Sotra-eigde skipet «Ocean Viking» for å assistere det medisinske personellet om bord. Det har ikkje vore hendingar i løpet av natta, skriv Trym Jacobsen i reiarlaget Høyland Offshore i ein SMS til NRK. Skipet varsla i går ein naudssituasjon etter fleire sjølvmordsforsøk om bord.