Hopp til innhold

Feilmelding på Fløibanen

Ei feilmelding gjorde at Fløibanen ikkje kunne starta i normal drift klokka 8 som først meldt. – Det var ein sensor som truleg hadde blitt skadd av greiner, seier drifts- og serviceleiar Ole Hugo Anderson. Delen er skifta, og banen var tilbake i normal drift frå klokka 9.30.