Første kvinne i Bremanger
Anne Kristin Førde frå Arbeidarpartiet blir første kvinnelege ordførar i Bremanger. Det er klart etter at Arbeidarpartiet og Senterpartiet i går kveld vart samde om samarbeid den komande fireårsperioden, skriv Fjordenes Tidende. Magne Kjerpeseth frå Senterpartiet vert varaordførar.