Hopp til innhold

Byråden «fredar» pølsekiosk

Pølsekiosken Trekroneren i Kong Oskars gate i Bergen har truleg stått ulovleg i 70 år, melde BT torsdag. Avisa skreiv at kommunen, som eig tomta, ikkje fann noko løyve for å driva pølsebu, og difor ville vurdera riving. Fredag seier byutviklingsbyråd Rune Bakervik (Ap) at det er ei «glemmesak» å riva pølsekiosken.