Hopp til innhold

5-åring påkøyrd av bil

Ei 5 år gamal jente har blitt påkøyrd av ein bil i Nedre Askvik i Hagavik i Os. Jenta skal vere bevisst, og familien hennar er på staden. Politiet kjenner ikkje til skadeomfanget på jenta. Naudetatane er på veg. Fartsgrensa på staden er 30 km/t.