Hopp til innhold

Får løyvingar på statsbudsjettet

Nysatsinga Fjordane Virtuelle Campus får to millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett, skriv Fjordabladet. Det er ein felles arena for forsking og vidareutdanning for elektro- og automasjonsmiljøet i området. Målet er å gje ungdom utdanningstilbod lokalt, slik at fleire vil busetje seg i Nordfjord. – Dette er eit av dei mest spennande prosjekta eg har vore bort i, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo til Fjordabladet.

Alfred Bjørlo
Foto: Silje Guddal / NRK