Boge Solås klar for toppklubb
Kjerstin Boge Solås frå Dale er klar for proffopphald i den ungarske toppklubben Siofok KC. Tertnes-spelaren skal til handballklubben i sommar, skriv klubben på sin nettside. – Eg ser verkeleg fram til å jobbe med Siofok, seier ho til klubben, som er på fjerdeplass i den ungarske toppdivisjonen.