Hopp til innhold

Strasbourg ser på barnevernsak

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har bestemt seg for å behandle den omstridde barnevernssaka i Naustdal, melder nettstaden rett24.no. Det er advokaten til familien som har klaga avgjerda til det norske barnevernet. Saka der eit foreldrepar vart fråtekne alle fem borna sine vekte stor merksemd i Norge og utlandet for tre år sidan. Etter ein lang prosess blei barna ført tilbake til familien, og i fjor sommar tok det norsk-rumenske foreldreparet borna sine med seg til Romania.

Demonstrasjon mot barnvernet i London
Foto: Støttegruppa si Facebook-side