Hopp til innhold

Hordfast-kritikar trekker seg

Gruppeleiar Roald Kvamme i Hordaland Arbeiderparti stiller ikkje til val i 2019, etter at nominasjonskomitéen i Vestland Ap sette han på 10. plass. – Plasseringa er ikkje eit signal på at han ikkje har gjort ein god jobb, seier komitéleiar Hallgeir Utne Hatlevik til BA. Partikolleger i Sunnhordland kalla Kvamme illojal då han til NRK sist veke sa det ikkje er trafikkgrunnlag til å bruka 30-40 mrd kr på Hordfastprosjektet over Bjørnafjorden.

Roald Kvamme (Hordaland Ap) ved Alversundbrua Fv 565
Foto: Leif Rune Løland / NRK