Hopp til innhold

Fryktar for statlege arbeidsplassar

Politikarane i Leikanger kommune fryktar at dei kan gå glipp av nye statlege arbeidsplassar når den nye storkommunen Sogndal skal leige plass til sitt første kommunehus i Statens Hus på Hermansverk, det srkiv Sogn Avis. Den nye kommunen skal leige 550 kvadratmeter og huse rundt 25 tilsette. – Det vil hindre at vi kan legge til rette for nye offentlege arbeidsplassar på statens hus, seier Leikanger ordførar Jon Kåkon Odd til avisa. Han seier at dei jobbar med heilt konkrete tiltak i statleg regi som treng kontorplass på Leikanger, men kan ikkje seie kva det er.

Jon Håkon Odd
Foto: Noralv Pedersen / NRK