Hopp til innhold

Har lov til å mellomlande

Widerøe har høve til å gjere ei mellomlanding på rutene mellom Sogndal og Oslo, så lenge stoppa ikkje varer over ein time. Det seier samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Avtalen mellom staten og flyselskapet tillèt dette for å gjere det lettare å fylle flya og få til ei meir effektiv rutedrift. Svaret hans kjem etter at stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) i stilte ministeren spørsmål om kvifor han tillèt at Widerøe mellomlandar i Florø på veg frå Sogndal til Oslo.

widerøe
Foto: Simen Follesø Røiseland / NRK