Ynskjer å trå til for liv og helse
Norsk sjukepleiarforbund tilbyr seg å gjera ein ekstra innsats ved Haukeland sjukehus for å hindra at det oppstår fare for liv og helse. Dette skjer i full forståing med sjukepleiarane som er i streik. Streiken er no på veg inn i si tredje veke.